Hans Gjesme, Stilleben

TALANDE TING
- stilleben og kunsthandverk frå samlingane

«Om du eig meir enn sju ting, eig tinga deg»
ant. Lao Tzu (6. århundre f. Kr.)

I det moderne forbrukarsamfunnet fløymast vi over i ting. Kva tyder tinga for oss? Kva er det ved dei som fascinerer oss? Er det kva mennesket evnar å lage – sjølve handverket? Historia som ligg i dei? Kva dei fortel om oss? Ser ein på Instagram, Pinterest og bloggar så bognar det av vår tids «stilleben»; fotografi av kva folk har i heimane sine og ting dei elles er oppteken av eller ønskjer seg. Desse bileta krev mykje arbeid med utval, komposisjon og lys. Alt handlar om å arrangere og dandere tinga på stilegast mogleg måte og slik få tinga til å seie bra ting om oss sjølve. Dei skapar «imaget» vårt. «Dette er tinga mine, slik er eg!»

I denne utstillinga vil vi syne fram ymse stilleben, interiør og kunsthandverkobjekt frå samlingane, kor av ein del av dei for første gong. Dei fleste skildrar ting, medan andre er ting. Det er verk i så ulike teknikkar som assemblage, collage, fotografi, glas, grafikk, installasjon, keramikk, metall, maleri, pastell, teikning og video, alle frå  perioden 1900 til 2018.

Korleis har kunstnarane teke stilling til tinga dei skildrar? Kva skildrar dei og korfor? Kva ønskjer dei å formidle gjennom skildringa? Er dei medvitne i bruken av den tradisjonsrike stillebensjangeren? Er stillebenet under modernismen berre eit grunnlag for formale eksperiment, eller ligg det meir i det enn det? Kunstnarar heilt opp til vår eiga tid interesserer seg framleis for å skildre ting og vidarefører slik tradisjonen, samstundes som dei fornyar han.

KURATOR: Ingrid Norum

VERKSFOTO: Hans Gjesme, Stilleben, ant. 1920-talet, GJS-464