Veslemøy Sparre Jansen

VESLEMØY SPARRE JANSEN - HEMMELEGE HUS

Opning laurdag 15. juni kl. 13 ved Tone Einelia, prosjektleiar for Lærdal næringsutvikling.

Utstillinga av Veslemøy Sparre Jansen (1968-) er ein serie arkitekturstudiar som byggjer på utstillinga «Hus - Lærdalsøyri» som vart vist på Tegnerforbundet i Oslo, 2015. Den består av gouachar med motiv henta frå eldre trehus i Lærdal. 

Arbeida har òg element av mønster og ornamentikk i seg. Desse er henta frå utskjeringar på husa, men òg frå tekstilar, planter, og naturen i Lærdalsområdet. Mønstra vert her fragment eller bakgrunn i bileta. Det vert eit møte mellom desse formene og fargane, og ulike hus. 

Sparre Jansen freistar å skape ei kopling mellom ein historisk tradisjon og ei erfaring frå vår eiga tid, samstundes som ho sett lys på tilhøva mellom arkitektur og identitet meir generelt. 

Utstillinga vil ha ein dialog med kunstnaren Hans Gjesme (1904-1994) sine ulike husmotiv i salane attmed.

 

Foto: Veslemøy Sparre Jansen, Gamlebanken, gouache, 2019. Copyright: BONO.

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd og av Norske billedkunstnere (NBK)