NYHENDE

Fredag 24. november kl. 18 avsluttar Eikaasgalleriet sesongen for i år med omvising av Fridtjov Urdal og Oddvar Torsheim i utstillinga «Med skjemt og vet - Tre folkekjære sunnfjordingar».
Galleriet held ope til kl. 20. Kaffi og vafler for sal i kaféen.
Signerte "Ymse damer 2018" kalendrar av Oddvar Torsheim for sal.

Då kan ei brosjyre over alle musea i fylket vere til nytte og glede. Her finn du både inspirasjon og informasjon om alle musea frå nord til sør og aust til vest. Fem av avdelingane formidlar kunst og kunsthistorie, medan åtte av dei formidlar kulturhistorie frå nær og fjern fortid. Det er med andre ord mykje å sjå og oppleve i heile fylket.

Sjå brosjyra her...

No finn du nokre av dei mest kjende verka av Anders Svor på Digitaltmuseum. Meir vil komme etterkvart som vi arbeider med samlinga på over 560 verk.

No finn du nokre av dei mest kjende verka av Hans Gjesme (1904-1994) på Digitaltmuseum. Meir vil komme etterkvart som vi arbeider med samlinga som er på over 1500 verk.

No finn du nokre av dei mest kjende verka av Nikolai Astrup på Digitaltmuseum. Meir vil komme etter kvart som vi arbeider med samlinga på over 320 verk. Du kan mellom anna sjå 125 tidlegare upubliserte skisser. Om lag halvparten av dei er mest sannsynleg frå studietida i Paris i 1902, då skisseboka dei er ein del av har stempel frå ein utstyrsbutikk for kunstnarar i den franske hovudstaden og motiva kan sjå ut til å vere derifrå.