MB

Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH) sine stipend har som formål å styrke det regionale kunstfeltet i tilknyting til verksemda ved kunstsentra i Norge. Stipendet er eit produksjonsstipend som skal stimulere kunstnarleg verksemd i Sogn og Fjordane.

Tildeling av årets BKH-stipend går til kunstnaren Maia Birkeland (f. 1978). Ho er ein nyutdanna kunstnar som har vakse opp i Førde. I år har ho vorte invitert av Sunnfjord Museum og SFKM til å gjere prosjektet «Det vi har i lag» i Førde i 2017. Kunstnaren vil i det høve utvikle eit heilt nytt verk ved SFKM, med utgangspunkt i tematikken Fortid – Samtid – Framtid, med vekt på Framtid, og samstundes syne tidlegare produserte verk ved Sunnfjord museum og i Førde.

Innstillingskomitéen til stipendet er Kunstfagleg råd som er samansatt av ein representant frå Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, ein frå Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge og ein frå Sogn og Fjordane Kunstmuseum /Musea i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum gratulerer Maia Birkeland med BKH-stipendet for 2016 på kr 100.000,-.