I denne utstillinga ønskjer vi å syne fram eit underliggande tema i mange av Hans Gjesme sine måleri, trass ulike motiv; nemleg årstidene. Gjesme skildra det karakteristiske Lærdalslandskapet med jorda, dei høge fjella som rammar inn dalen og himmelen over, i ulikt vêr og lys, men òg til ulike årstider. Store delar av året ligg delar av dalen i skugge og ein kan i bileta sjå tun, folk og kvardagsliv i dette «skuggelandskapet». Gjesme har skildra den tidlege grå våren der snøen nett har sleppt taket og naturen enda ikkje har teke til å spire, den lysegrøne forsommaren full av eit skimrande lys som trengjer gjennom alt som gror, den saftige grøne sommaren med sol, glitrande vatn og slått, den mollstemte hausten med eit gyllent skjær i lyng, trær og fjell, og til slutt den kalde snøfattige vinteren i bygda med kjølege pastellfargar. Nokre av måleria ber i seg element av naturmystikk, slik som Soli kjem att om våren. Dei fleste motiva er frå Lærdalstraktene, men nokre er òg frå Austlandet og Rondane.

Opning ved Kristen Olav Grøttebø.