KUNSTNARHEIMEN - ENGEL OG NIKOLAI ASTRUP

Sommaren 2017 hadde vi fokus på Engel Astrup sine stofftrykk og samhandlinga mellom Engel og Nikolai Astrup på bunadsforklede. Ein del ny informasjon er komt til rundt produksjonen til Engel Astrup. Vi har no fått meir oversikt over kvar ein del av mønstra til Engel kjem frå, men vi jobbar vidare med kva ho eventuelt lagde av eigne mønster. 

Vi ynskjer framleis meir informasjon frå publikum om Engel sine arbeid, og fotografering av hennar tekstilar i privat eige. 
Ta kontakt med Solveig Berg Lofnes på tlf. 99202676.

Kurator: Solveig Berg Lofnes, SFKM.

Fotografi: Engel Astrup, Gardin med stofftrykk, ukjend år. Fotograf: S.B. Lofnes.