PERFORMANCEN SLOW 1. JUNI KL. 19-21, KULTURNATT I FØRDE

Som ein del av utstillinga Tretoppanes blygskap vil kunstnaren Célia Gondol og dansaren Antoine Roux-Briffaud gjennomføre performancen Slow i lag med 7 frivillige dansarar frå Førde under Kulturnatt i Førde. Dei inviterer gjennom heile performancen publikum til å dele eit augeblikk med "slow" med dei. Slow er ein dans som ein kvar enkelt kan oppleve og er ikkje relatert til ein spesiell "koreografi". Den byr på enklaste måte gjennom dans, på forføring eller ømheit: to personer følgjer kvarandre gjennom ein song.

Slow er ein invitasjon. Den kan dansast av to kvinner, ein mann og ei kvinne, to menn, barn, av alle kjønn og folk i alle aldre. Utøvarane held mellom kvarandre eit bananblad og syng frå tid til anna ein Ritornello. Ritornelloane som dansarane nynnar på går nokre gonger over i eit gruppekor som gjer at stemma vert høgare og meir fysisk i rommet. Slow leiker med kollektive gruppeaugeblikk, eller tvert i mot, sprer slowdans augeblikk inn i ulike rom. Møtene kan skje i ulike rom og utvikle seg vidare på ein organisk måte.

Performancen vert gjennomført med støtte frå Institut francais de Norvège.

if