HANS GJESME (1904-1994)
Målaren Hans Gjesme vart fødd i Lærdal 11. mai 1904. Han hadde tidleg interesse for teikning, og skulebøkene hans var fulle av skisser frå eventyr, verdshistoria og Bibelen. Allereie som 16-åring reiste Gjesme til Kristiania for å gå i lære hjå Pola Gauguin, som var svært nøgd med eleven sin innsats og raske framgang. I 1925 reiste Gjesme på studietur til Paris, der han mellom anna var elev hjå André Lhote.

I 1926 debuterte Gjesme på Vestlandsutstillingen med eit landskaps- og eit interiørmaleri, og fekk god kritikk i Bergens Tidende. Seinare vart det meir blanda kritikk, men trass i det heldt Gjesme fram med å ha årlege utstillingar, både separat og kollektivt. I 1932 vart han antatt til Høstutstillingen. Gjesme arbeidde i ein naturalistisk stil, med landskap og folk i Lærdal som hovudmotiv. Han var ein dyktig teiknar og laga mange karakteristiske portrett av familie og vener. Dei spesielle landskapa i Lærdal med bratte fjellsider tett innpå bygda, skildra han under ulike lysforhold og til ulike årstider. Gjesme prøvde seg òg på modellering i gips og søkte monumentale utsmykkingsoppdrag, diverre utan hell. Ved ei separatutstilling i Bergen i 1939, fekk han kritikk for å nytte seg av for mange ulike teknikkar og motiv. 

Gjesme hadde psykiske problem og vart lagt inn på Gaustad sykehus i Oslo. Der vart han i heile 16 år før han i 1971 flytta attende til Lærdal. På sine eldre dagar opplevde Hans Gjesme omsider at arbeida hans vart verdsett. Han fekk stadig besøk av kunstnarkollegaer, journalistar og kunsthistorikarar som ville sjå på samlinga hans. I 1977 opna Gjesme si største utstilling på Kunstnernes Hus i Oslo. I det høve skreiv kunstkritikar Arne Durban mellom anna: «sent, men godt er Hans Gjesme kommet til hovudstadens kunstmiljø». Gjesme døydde i Lærdal i 1994. 

SOGN KUNSTSENTER OG GJESMESAMLINGA
Hans Gjesme donerte kunsten sin til Lærdal kommune rett før han døydde. Ut ifrå det vart Gjesmegalleriet etablert i 1998. Samlinga omfattar særleg mange landskap og portrett, skisser og ferdige arbeid, i ulike teknikkar som teikning, maleri, akvarell, pastell og skulptur. På grunnlag av denne samlinga på om lag 1500 verk, vart Sogn Kunstsenter bygd. Det vart opna i 2011.

SKS collage