ODDVAR TORSHEIM 80 ÅR! Førehandsbestill boka og få namnet ditt med i gratulasjonslista!

Den folkekjære kunstnaren Oddvar Torsheim fyller 80 år 2. november 2018. I det høvet lanserer SKALD – i samarbeid med Sogn og Fjordane kunstmuseum – ei jubileumsbok som oppsummerer hans liv og virke, med hovudvekt på kunsten. Forfattar er Lars Elton.

Torsheim er kjend for sin humoristiske og samfunnskritiske strek. Heilt sida studietida har han vore ein samfunnsengasjert kunstnar oppteken av miljøvern, politikk, kjønnsroller og livssyn. Gjennom 50 års aktivitet har Torsheim formidla motsetnadar mellom by og bygd, kvinne og mann, natur og teknologi. Torsheim sitt samfunnsengasjement har resultert i ein omfattande produksjon av måleri, grafikk og teikning. 

Vil du vere med på å helse til Oddvar på 80-årsdagen, og få namnet ditt i gratulasjonslista (Tabula gratulatoria) i boka, kan du førehandsbestille eitt eller fleire eks. av boka.

Fristen for å bestille er 1. september 2018.

Bestill boka ved å sende ein e-post til forlag@skald.no eller gå inn på nettsida til Skald og bestill der.