MUSEUMSHELG I HORNINDAL 22-23. SEPTEMBER

I høve at vi frå 2020 får nye fylke, skifter Anders Svor Museum i Hornindal frå Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal fylke.

Laurdag 22. og sundag 23. september held Sogn og Fjordane Kunstmuseum museumshelg i Hornindal. Dette er ikkje noko berre for folk i Nordfjordbygdene. Vi byd òg inn dei på nordsida av fylkesgrensa. Kom og sjå og gjer dykk kjende. 

Laurdag kl. 16 er der program med omvising i Anders Svor Museum. Det vert i dette høve lagt særleg vekt på Svor sine historiske portrett. Kven er dei, og kva rolle hadde dei i si samtid? Det vert òg musikkinnslag med Arne M. Sølvberg og eit kåseri med soger og dikt etter Håkon Gausemel frå Hornindal. For dei som er tidleg ute og føre seg er det råd og få seg ein tallerken graut og litevetta attåt.

Sundag kl. 11 og 14 er det òg omvising. Dei som dryger til då med å komme, får nøye seg med å gnage bein og skrape gryta.

Det er fritt tilgjenge i museumshelga, men gjev gjerne eit tilskot til Bronsefondet.
Velkomen! 

 

Beste helsing

Fridtjov Urdal, utstillingssekretær, Sogn og Fjordane Kunstmuseum