The Atmospherics

THE ATMOSPHERICS - 5. STOP, HEY, WATCH THAT SOUND! 2016
Ein audiovisuell installasjon av Trond Lossius & Jeremy Welsh

Bergenskunstnarane Lossius og Welsh har samarbeidd gjennom 13 år, med både store og mindre prosjekt i elektronisk og digital kunst. Det noverande prosjektet, «The Atmospherics», starta  i 2014 og har til no resultert i fleire ulike utstillingar, mellom anna i Bergen, Arendal, Trondheim og no i Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Førde.

Prosjektet tek utgangspunkt i lyd- og videoopptak kunstnarane har gjort på ulike stader på Vestlandet, i Trøndelag og Lofoten. Ved bruk av 360 graders digitalt lydopptak og høgoppløyst video (HD og 4K), er målet å registrere særlege kvalitetar og stemningar frå  stadene der innspelingane er gjort.

Det innsamla materialet vert prosessert og redigert digitalt for avspeling i installasjonar som tek i bruk surroundlyd og fleire projeksjonar.  Intensjonen til kunstnarane er å gje betraktaren ei oppleving av  «å være ein annan stad».  Kunstverket er likevel ikkje meint å være ei ekte attgjeving av ein spesifikk stad, men heller ein “ny” stad som er ein syntese av dei ulike elementa som er kombinert i installasjonen. Den skal opne for assosiasjonar og invitere til eigne tolkingar og refleksjonar.

Til installasjonen i Førde har kunstnarane samla inn mykje nytt lyd- og videomateriale frå Sogn og Fjordane, inkludert Astruptunet, Gaularfjellet, Sognefjorden og ikkje minst Førde. Publikum skal få sjå bilde av stader de kjenner att, men presentert i ein ny samanheng som gjer at ein kan oppleve desse på nye måtar. Materialet frå regionen er kombinert med opptak frå tidligare innspelingar i Hardanger og Lofoten.

Trond Lossius er utdanna geofysikar, komponist og lydkunstnar og jobbar som prosjektleiar for lyd og ny musikk ved BEK (Bergen Senter for Elektronisk Kunst)
Jeremy Welsh er utdanna biletkunstnar frå England og er Professor ved Kunstakademiet i Trondheim, NTNU.
Lossius og Welsh byrja å samarbeide medan dei båe var tilsette ved Kunst- og designhøgskulen i Bergen.

Foto: Lydopptak om bord i ei ferge som krysser Hardangerfjorden, september 2014. 

 

The Atmospherics 5: Stop, Hey, Watch That Sound - exhibition opening from Jewelsh on Vimeo.