BOKSLEPP OG SIGNERING - ODDVAR TORSHEIM - LYST & LAST

Sogn og Fjordane Kunstmuseum inviterer til gjestebod med lansering av jubileumsboka «ODDVAR TORSHEIM – LYST & LAST». Boka er ei gåve frå Sogn og Fjordane Kunstmuseum til Oddvar Torsheim i høve 80-års dagen.
Gjeve ut på Skald forlag med støtte frå Førde kommune og Scandic Sunnfjord hotell.
Forfattar Lars Elton kåserer og Oddvar Torsheim signerer.
Kaffi og kaker.
Utstillingane "Kropp & Sjel" og "I naturen" i 2. og 3. etasje er ope og gratis under arrangementet.

Hjarteleg velkommen!