NYHENDE

19:00 Dørene opnar. Kaféen sel økologisk suppe, kaker og drikke heile kvelden.
19:30 Omvising i Maia Birkeland si utstilling ved konservator Ingrid Norum
20:00 Føredrag om Agrarianisme ved Trine Antonsen, førsteamanuensis ved UiT

Måleriet "Selvportrett med flosshatt" frå 1939 vart gjeve av kunstsamlar Johan Fredrik Kroepelien. Han leverte biletet personleg i lag med Tunoldkjennar og tidlegare kulturredaktør i BT, Jan Landro. Janne Leithe, avd.dir. SFKM, og Kjartan Aa Berge, adm.dir. for Musea i Sogn og Fjordane, takka for gåva.

I løpet av  hausten skal alle 9. klassingane i Sogn og Fjordane få reise på besøke til eit museum og verte betre kjent med kulturarven vår. «Tidskapselen» vil bestå av to delar:

  • Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv. Elevane vil få vite kvifor vi har museum, kva mål musea har og korleis eit museum arbeider.
  • Elevane skal verte kjende med akkurat det museet dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing? Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på ved akkurat dette museet.

Stipendet på 100.000,- er tildelt frå Bildende Kunstneres Hjelpefond.

Formålet er å stimulere til kunstnarleg verksemd i Sogn og Fjordane, og av den grunn må prosjektet finne stad i fylket. BKH-stipendet skal vere med på å styrke det regionale kunstfeltet i tilknyting til verksemda til kunstsentera. Stipendet er eit produksjonsstipend.

Kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane kan søke. Søknaden skal sendast digitalt som PDF og innehalde ein prosjektomtale, visuelt materiale og CV. Maks 5 sider og 5 MB.

Då kan ei brosjyre over alle musea i fylket vere til nytte og glede. Her finn du både inspirasjon og informasjon om alle musea frå nord til sør og aust til vest. Fem av avdelingane formidlar kunst og kunsthistorie, medan åtte av dei formidlar kulturhistorie frå nær og fjern fortid. Det er med andre ord mykje å sjå og oppleve i heile fylket.

Sjå brosjyra her...